Vellukka dag i Svein Bakke sitt Minnefond

Det vart ein flott dag i Svein Bakke Minnefond sin dag på Fosshaugane 22.10.22.

Vel 80 personar frå givarane til Minnefondet, fondsmottakarar frå Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer,  med unge og føresette deltok. 

Dei siste års mottakarar frå fondet hadde masse flott å fortelje, der ogso dei unge som nyt godt av aktivitetane, samt føresette, fortalde. 

Svein Bakke sitt minnefond har to føremål:

  • Å bidra til prosessar  som driv dei beste av dei beste framover. 

  • På same tid skal kulturarven etter Svein førast vidare til nye grenerasjonar. 

Difor var det kjekt med så mange generasjonar tilstades, som bidrog i programmmet.  Mange flotte fotballprosessar, for dei heilt beste, er i gang i dei to klubbane.

Magdalon Sætre fortalde om Svein og hans posisjon på ein verdig og personleg måte.  Det greip forsamlinga. 

Frå Svein sitt fotballvirke utafor Sogndal fekk me ei flott helsing frå Moldeprofilen Bernt Roald, som jobba masse med Svein i etableringa av å gjere Norsk Toppfotball til ein næringsveg på 80- og 90-talet

Bilder frå minnedagen:

Takk til alle som bidrog til å gjere dette til ein vellukka og minneverdig dag!